Ratings & Reviews performance provides an overview of what users think of your app. Here are the key metrics to help you identify how your app is rated by users and how successful is your review management strategy.
På sporet-appen er utvikla for å fremje bokstavkunnskap, fonemisk medvit, lese- og staveferdigheit. Appen passar for elevar som er i ferd med å lære seg å lese på nynorsk. På sporet-appen er utvikla i forskingsprosjektet På sporet ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) ved Universitetet i Stavanger, i samarbeid med NettOpp UiS. På sporet-prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, Utdanningsdirektoratet og Lesesenteret. Appen har talestøtte. Når eleven trykker på ein bokstav eller eit bilete, får ho/han høyre bokstavlyden eller namnet på biletet/objektet. Eleven bør bruke øyretelefonar for å høyre lyden best mogleg og for å halde på konsentrasjonen. På sporet-appen inneheld 5 små spel: 1 Bokstavmemory (kopling av stor og liten bokstav) 2 Finne ting som byrjar med ein bestemt bokstav 3 Kople bokstav og bokstavlyd 4 Skrive/stave ord 5 Lese ord Spela bokstavmemory, skrive ord og lese ord har oppgåver fordelt på tre nivå. På sporet-appen bør brukast i korte økter på inntil 10 minutt, gjerne fleire gonger i veka. Det kan vere lurt at eleven vel seg eit nivå i to eller tre spel kvar gong, og at speletida blir fordelt mellom desse.